Om El Vest

El Vest er eit elektrofirma med base på Kaupanger, starta av Espen Bøthun og Roar Midlang. Firmaet tek oppdrag for privatkundar og næring i heile Indre Sogn.

El Vest, etablert januar 2025

Espen og Roar hadde arbeidd saman i mange år då dei stod ved eit vegskilje. Dei kunne halde fram i trygge stillingar, eller ta sjansen på å byggje noko sjølve.

Dei valde å satse. Ikkje fordi det mangla elektrikarar i Sogn, men fordi dei hadde eit klart bilete av korleis dei ville gjere det. Eit firma der fagleg tyngd og estetikk går hand i hand.

For det er ikkje godt nok at det elektriske berre fungerer. Det skal òg sjå bra ut. Kablar lagt ryddig, løysingar tilpassa rommet, og eit resultat ein sjølv ville vore nøgd med i eigen heim.

Det er standarden for kvart oppdrag El Vest tek på seg.

El Vest i dag

El Vest starta med to. I dag er me fem, og har fått tillit frå privatkundar, lokale bedrifter, kommunen og utbyggjarar i heile Indre Sogn.

Målet er ikkje å bli størst. Målet er eit sterkt lokalt fagmiljø der dei tilsette trivst, kundar som blir tekne godt vare på, og kvalitet i kvart einaste oppdrag.

Pålitlege

Me held det me lovar og møter opp når me skal.

Imøtekommande

Du skal kunne kontakta oss med eit lite spørsmål like gjerne som med eit stort prosjekt.

Fag og finish

Arbeidet skal vere trygt, fagleg solid og sjå ordentleg ut. Kvar gong.

Ledige stillingar Bli ein del av teamet →

Ta kontakt for ein uforpliktande samtale

Kontakt oss