Downlights, LED-løysingar og utandørs belysning tilpassa heimen din. Me kan bistå med alt frå rettleiing til utføring.
Lys handlar om meir enn å kunna sjå. Det formar heile stemninga i rommet. Kvar du set deg, kva du legg merke til, korleis huset kjennest ein mørk ettermiddag i november. Rett belysning gjer eit vanleg rom til eit rom du har lyst til å vere i. Feil belysning gjer det motsette, same kor fint det er innreidd.
Hjå oss møter du fagfolk med kreativitet og fokus på detaljar. Me hjelper deg å finne løysinga, anten du veit nøyaktig kva du vil ha, eller berre veit at noko ikkje heilt stemmer.

Lys på fleire nivå
Det vanlegaste feilgrepet er å tenkje på belysning som éin ting: nok lys i rommet.
Eit rom som fungerer, har lys på fleire nivå. Allmennlys som gjer rommet lyst, arbeidslys der du treng å sjå godt, og stemningslys som gjer det lunt om kvelden.
Ei god stove har lys til lesing, lys til middag og lys til ein roleg kveld i sofaen, og du skal kunne skifte mellom dei utan å tenkje over det. Difor snakkar me om dimmarar og soner før me snakkar om produkt. Det er her lysdesign byrjar, ikkje i produktkatalogen, men i korleis rommet skal brukast.
Ver heller ikkje redd for mørkare parti. Skal noko framhevast, må noko anna vere dempa. Det er kontrasten som gjer at eit rom får djupna.
Kva slags belysning passar?
Downlights
Downlights er opphavleg laga for å framheve: eit bilete, ein vegg, ein detalj. Mange brukar dei som hovudlys, og det går heilt fint, men blir det berre downlights jamt fordelte i taket, forsvinn effekten og rommet kan oppfattast flatt.
Dei eignar seg best der du treng god lysmengd: kjøken, bad, gang og stove. Vel dimmar i staden for vanleg brytar, så kan same punkta gi både arbeidslys og stemningslys.
Ein praktisk ting: downlights blir montert i sjølve taket, så jobben er enklast når taket uansett er ope. Som ved oppussing, eller når golvet i etasjen over kan opnast. Skal du gjere begge delar, er det verdt å ta lyset samtidig.
Spotter

Spotter er utanpåliggande i staden for innfelte, og er ofte eit betre val enn downlights. Dei kan monterast direkte i taket eller på skinner, og på skinner kan du flytte dei etterpå. Ekstra nyttig når du møblerer om eller flyttar biletet spotten lyser mot.
Spotter er som regel ei enklare montering enn downlights, og finst i variantar som passar i hòlet etter eksisterande downlights.
LED-lister
LED-lister eller lyslist er det mest fleksible produktet i marknaden. Dei kan tilpassast i lengd og passar difor nesten kvar som helst: under overskap på kjøkenet, i taket, langs eit hjørne, i sokkelen på ein kjøkenøy.
Det fine er det indirekte lyset. Skjuler du sjølve lista, ser du lyset og ikkje lyskjelda. Behageleg for auga og eit moderne uttrykk. Det finst òg innsparklingsprofilar som gjer at lista går jamt med taket eller veggen.
Lamper og pendlar
Ei lampe kan ofte gi betre lys enn mange downlights, særleg der du vil ha eit diffust lys utan harde skuggar. Og ei lampe er eit interiørval. Lampa er synleg og skal passe inn.
Me hjelper deg gjerne å velje, men du står sjølvsagt fritt til å finne lampene sjølv. Me tek monteringa og sikrar at tilkoplinga blir rett.
Lysarmatur
Lysarmatur gir mykje lys frå få punkt, og er ofte det mest fornuftige i garasje, bod, vaskerom og næringslokale. Éin armatur kan erstatte fleire downlights der målet er godt, jamt arbeidslys heller enn stemning.

Rom for rom
Bad
Badet skal både gi deg godt lys når du steller deg, og kunne dempast når du vil ha det lunare. Det viktigaste er lys ved speilet, montert på vegg, som gjev eit diffust lys utan skuggar i ansiktet. Downlights rett over hovudet gjev det motsette.
Mørke fliser og mørk innreiing krev meir lys enn lyse. Og alt nær dei våte sonene må tole fukt.
Kjøken
På kjøkenet handlar det først og fremst om arbeidslys du ikkje skuggar for sjølv. Lys under overskapa, LED-list eller armatur, gjev godt lys ned på benken utan at du står i vegen.
Har du ikkje overskap, er pendlar over benken eller øya eit godt alternativ. Blank benkplate kan gi refleksjonar, og ei mørk benkplate krev meir lys enn ei lys ei. Dimmar anbefalar me til kjøken. Du treng meir lys til matlaging enn til ein kaffikopp på kvelden.
Stove
Del rommet i soner, og la dei kunne styrast kvar for seg. Lys over TV-en og lys på veggen bak bør ikkje følgje same brytaren.
Har du skråtak eller spiletak, finst det eigne grep. Ta det gjerne opp med oss.
Gang
Gangen bind saman resten av huset, og lyset der er det første som fortel kva slags heim du kjem inn i. Eit lite grep som gjer mykje: la lyset i gangen ha same varme som i stova, så heng huset saman når du går gjennom.
Garasje og bod
Her er det arbeidslys som gjeld. Lysarmatur gir mykje lys frå få punkt, og bør plasserast slik at han ikkje kjem i konflikt med porten. Sensorstyring gjer kvardagen enklare.
Utandørs belysning

Utebelysning handlar mindre om å sjå kvar du går, og meir om at huset og hagen framleis finst når det er mørkt ute. I Sogn er det halve året. Frå oktober til mars ser du berre eit svart vindauge frå stova om ingenting er lyssett.
Difor er det verdt å tenkje gjennom kva lyset skal gjere. Eit sterkt lys retta utover gir deg oversikt, men lite anna. Rettar du same lyset mot ein husvegg, eit tre eller ein mur, får du noko å sjå på, og uteområdet ditt held fram med å vera synleg heile vinteren.
Framhev noko
Eit tre, ein mur, ein fasade. Indirekte lys retta mot ei flate slår lys som lyser rett ut i lufta. Spot på spyd i bedet er ein enkel og effektiv start.
Lys der du går
Mellom bil og inngangsdør, langs trapp og gangveg. Det er her utebelysning gjer mest praktisk nytte, og gjerne med sensor som slår seg på når nokon nærmar seg.
Fasade og garasje
Garasjen står ofte slik at belysninga der må spele saman med resten av uteanlegget. Lyslist over porten gjev godt indirekte lys utan å blende.
Tidsstyring
Utelys som står på heile natta kan forstyrre naboar, og kostar straum utan å gjere nytte. Tidsstyring eller sensor løyser det. Som regel treng du òg mindre lysstyrke ute enn inne.
Slik kjem me i gang
Ta kontakt, og fortel kva du tenkjer på. Har du bilete av rommet, eller idear du har spart på, tek me gjerne utgangspunkt i dei, men du treng ikkje ha noko klart.
Ofte held det å seie kva som ikkje fungerer i dag, so finn me ut av resten ilag.
Me tek oppdrag i heile Indre Sogn
Me held til på Kaupanger og dekkjer heile Sogndal kommune — Sogndalsfjøra, Kaupanger, Leikanger, Balestrand og Fjærland — i tillegg til nabokommunane Vik, Luster, Lærdal, Aurland og Årdal.
Har du ein lys idé?
Ta kontakt for ein uforpliktande samtale.
