Elektrikar i Lærdal

El Vest held til på Kaupanger og tek oppdrag i heile Lærdal kommune — Lærdalsøyri, Ljøsne, Tønjum, Borgund og Erdal.

Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod.

Eldre hus

Lærdal har mykje fin, eldre bustadmasse. Skal du oppgradere det elektriske i eit slikt hus, er det to ting som avgjer resultatet. At det blir gjort trygt, og at huset framleis ser fint ut når me er ferdige.

Finishen er me opptekne av. Kablar skal leggjast skjult der det let seg gjere, og punkt og armaturar skal plasserast slik at dei kler rommet dei står i.

Me tek både full renovering av elektrisk anlegg og mindre oppgraderingar. Nytt sikringsskap, fleire kursar, eller ny belysning i eitt rom om gongen.

Service og mindre jobbar

Ein brytar som skal flyttast, lamper som skal opp, ein jordfeil som må finnast, elbilladar i garasjen. Me tek dei små jobbane, samt dei store.

Har du fleire ting på lista, sei ifrå om alle med ein gong. Då planlegg me besøket slik at me får gjort mest mogleg på same tur.

Kva me gjer i Lærdal

Same tenester som elles i Indre Sogn: belysning, elbilladar, sikringsskap, golvvarme, smarthus, el-sjekk og renovering av elektrisk anlegg. Me tek òg oppdrag for bedrifter og næringsbygg i kommunen, meir om det på bedriftssida.

Ta kontakt

Ring eller send ei melding, og fortel kva det gjeld.