Elektrikar i Aurland

El Vest held til på Kaupanger og tek oppdrag i Aurland kommune — Aurlandsvangen, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi.

Ta kontakt for ein uforpliktande samtale.

I bustaden

Me tek alt frå ein enkelt brytar til komplette anlegg.

Det kan vere lamper som skal opp, ein jordfeil som må finnast, nytt sikringsskap, elbilladar i garasjen eller ny belysning i heile huset.

Skal du pusse opp, er det lurt å ta med det elektriske tidleg. Då kan kablar leggjast skjult før veggen er lukka, og du får løysingane du eigentleg kunne ha tenkt deg.

Utleige og fritidsbustad

Mange i Aurland leiger ut, anten heile året eller i sesong. Då er det greitt å vite at anlegget er i orden, både for din eigen del og for dei som bur der. Me tek det elektriske på nye hytter og fritidsbustader, og me oppgraderer eldre.

Reiseliv og næring

Aurland lever godt av sesong, og det pregar òg kalenderen for elektrisk arbeid. Hotell, serveringsstader og utleigeverksemder har ofte eit vindauge mellom sesongane der ting kan gjerast utan at det går ut over drifta. Sei ifrå i god tid om de har noko som skal gjerast før sesongen, så legg me det inn i planen.

Meir om kva me gjer for næring finn du på bedriftssida.

Kva me gjer i Aurland

Same tenester som elles i Indre Sogn: belysning, elbilladar, sikringsskap, golvvarme, smarthus, el-sjekk og renovering av elektrisk anlegg.

Ta kontakt

Ring eller send ei melding, og fortel kva det gjeld.