Elektriske tenester for privatkundar
Me kan bistå med alt frå rettleiing til utføring av det arbeidet du ønskjer. Anten det gjeld ein enkelt stikkontakt, ny belysning i heimen eller eit komplett anlegg i ein eldre bustad, får du fagfolk som tek jobben på alvor. For oss er det ikkje ferdig før det både fungerer som det skal og ser bra ut.
Belysning
Belysning
Downlights, LED-løysingar og utandørs belysning tilpassa heimen din. Lys handlar om meir enn å kunna sjå. Det formar heile stemninga i rommet.
Bolig
Bustadinstallasjon
Montering, service og feilsøking i heimen. Ta kontakt anten det gjeld ein enkelt brytar, ein jordfeil som må finnast eller noko heilt anna.
Elbillader
Elbilladar
Trygg installasjon av heimeladar til din elbil. Me hjelper deg å finne ladaren som passar bilen, anlegget og deg best.
Oppvarming
Golvvarme
Varme golv på badet, i gangen eller stova. Eller kanskje eit snøfritt inngangsparti gjennom vinteren? Me finn løysingane som passar din heim best.
Bolig
Sikringsskap
Reparasjon, bytte og oppgradering av sikringsskap. Elbilladar, induksjon og varmepumpe krev meir enn eldre skap er bygde for.
Bolig
El-sjekk
Brannførebyggjande elkontroll av bustaden, utført av NEK 405-sertifisert kontrollør. Du får ein rapport som avdekkjer feil, og som kan gi rabatt på bustadforsikringa.
Bolig
Smarthus
Smart styring av lys, varme og tryggleik, tilpassa huset du bur i. Enklare kvardag, betre komfort og moglegheiter for lågare straumforbruk.
Bolig
Renovering
Skal du pussa opp, eller treng anlegget meir kapasitet? Me oppgraderer kabling, jordleiar og sikringsskap trygt, effektivt og ryddig.
Spørsmål rundt tenestene våre?
Lurer du på noko om ladeboksar, belysning eller andre produkt?
Spør oss! Alle henvendelser er 100 % uforpliktande.
